LITEN NM-RAPPORT 2010 v/Bjarte Engeset
Vi var tre frå Larvik Sjakklubb med i NM
i Fredrikstad denne gongen: Audun Engeset i Miniputt, og Thomas Gjerken Larsen
og Bjarte Engeset i klasse 2.
Det vart Audun (11) som fekk med seg pokal
og flest poeng heim: 6 av 9. Dette heldt til ein fin 10de plass i Miniputt, der
det var 52 deltakarar.
I siste runde visste han at han måtte
vinne for å kome opp på premieplass. Han møtte Maria Næss (Sjakklubben Tiger)
og hadde dei svarte brikkene.
I denne stillinga ofrar Audun løparen ved
å slå bonden på f2 med sjakk:

Poenget er at den svarte dronninga
har ein farleg sjakk frå f6 dersom kongen slår løparen. Frå f6 truar dronninga
både den kvite kongen og det kvite tårnet. Det kan sjå ut som kvit kan dekke
opp denne sjakken med å setje tårnet i mellom på f5 og true den svarte
dronninga, støtta av løparen sin på d3. Men svart har også ein løpar, på c8, så
då fell tårnet i alle fall. Svart hadde etter avbytta var over vunne ein bonde
og kvalitet.
Audun fekk for første gong prøve seg
på langparti og notasjon, og tykte det var moro. Ikkje minst fekk han mange nye
vener på sin alder som han kunne spele sjakk med. Han hadde eit håp om å få
minst eit poeng, og med 6/9 var han kjempefornøgd.

Korkje Thomas eller Bjarte var vel
heilt tilfredse med resultata våre etter ni harde kampar i klasse 2. Vi hamna begge
til slutt nokså langt nede på tabellen med 3 og 4 poeng av 9. Når det såg som
mørkast ut sat vi nederst på den siste bordrekka. Men vi kjempa oss tappert oppover
igjen! Vi hadde ”avtalt” å møtast på førstebord i siste runde. Diverre møttest
vi også i siste runde, men ikkje på første bord ;) Poenget med spele i NM er først og fremst å
møte spelarar frå andre klubbar, så vi var ikkje heilt nøgde med den trekninga.
Thomas snudde tapstrenden sin med ein
fin siger med løparar av motsett farge. Som oftast skal det mykje til for at
slike sluttspel ikkje er remis.
For min eigen del (Bjarte) starta det
svært så ille: Eg hadde svart mot Espen Wasshaug (Elo 1660), og fekk jaga
kongen hans frå f1 til b5, men tapte likevel:

Eg såg at han vart matt om han prøvde
flykte via g2. Så meinte eg (korrekt nok) at han måtte flykte via a4 for å
ikkje tape tårnet eller dronninga. Eg trudde også at eg kunne låse han fast på
b6 og matte han der med dronning, løpar og bønder. Det viste seg at han hadde
ein ressurs etter han fekk dronninga plassert på a2: Avdekkarsjakk. Her er den stillinga
eg hadde sett for meg, men ikkje presist nok (kvit i trekket):

Eg gjekk
ikkje inn i denne varianten, men tapte frå stillinga under etter hans enkle,
men vinnande Td1!

Etter fem strake tap klarte eg å
skjerpe meg og fekk fire strake sigrar.
I eit av desse partia, mot Olav
Fredriksen (1582), fekk eg inn eit springaroffer som gav meg eit angrep som til
slutt var ustoppeleg.
Eit av poenga med offeret er at
kongen hans får problem med å kome seg ut av midten:

Når slike
offer fungerer kan ein nesten gløyme fem strake tap!
NM er også
ei sosial hending, så det ville vore fint om vi var ein enda større kontingent frå
klubben ein annan gong!
Bjarte Engeset, 16.juni