AVGJERANDE TAKTIKK
I SJAKKPARTI
Mange av partia i klubbmesterskapet 2010 har vorte avgjort med typiske taktiske tema. Her er ein del av dei avgjerande stillingane frå partia:
Det mest vanlege er DOBBELTANGREP.
Først den tematiske dronningsjakken på a-lina (med angrep mot løpar) som dukka opp i to parti i turneringa:

Så dobbeltangrep på ei linje (med dronning eller tårn) som også dukka opp i to parti:

I fylgjande stilling kan kvit skape eit sterkt dobbeltangrep:
Med Dh3 truar kvit her matt på h7. Samstundes truar kvit ein sjakk på e6. (Med å slå bonden).

Her kan kvit slå på e6 med springaren (dobbeltangrep mot dronning og tårn). Etter fxe slår kvit igjen på e6 med løparen med nytt dobbeltangrep:

Eit anna typisk taktisk tema er ANGREP PÅ BRIKKER SOM MANGLAR FLUKTFELT. Dette avgjorde, eller kunne avgjort mange parti:
Først tre tårn som kan angripast med kvalitetsvinst:

Så ein springar og ei dronning som ikkje har retrettfelt:

Eit tredje taktisk tema er FJERNING AV FORSVARAR:
Her vinn svart offiser ved å fjerne forsvararen på e3 med Lxe3:

Eit fjerde tema er AVDEKKARANGREP:

Eit femte tema er BINDING. Her kan tårnet slå springaren på f6 sidan bonden på g7 er bunden:

BONDEPROMOSJON er så viktig at ein kan ofre brikker for å oppnå det:
Her vinn Txf5!: Her vinn h7!:

”USTOPPELEG” MATT: Til slutt eit vakkert taktisk trekk utført av Svein Hansen:

Etter …e3! har kvit store problem. I partiet slo kvit bonden med fxe.
Men då har svart det sterke …Df6! med trussel om matt. Legg merke til at dronninga på f6 då dekker forsvarsfeltet a1.